Avlevering av elektroniske arkiv

Elektroniske arkiv er digital informasjon og datasett frå ulike typar datasystem brukt i sakshandsaming i offentleg verksemd, til dømes generelle sak-arkivsystem eller fagsystem for spesielle fagområde. Bevaring av elektroniske arkiv er beskrevet i arkivlova med forskrift, og i normalinstruksen frå Riksarkivaren.

Når eit system ikkje lenger er i bruk så henvender arkivet i kommunen seg til IKAH for å gjere avtale om levering. For eldre system kan det leverast enten ferdige tabelluttrekk i henhold til arkivlova med forskrift og normalinstruksen, eller det kan leverast kopi av database eller kopi av systemkatalogen med datafilar. For Noark 4 og Noark 5-system skal det leverast uttrekk som følgjer de respektive standardane.

Ta kontakt med IKAH for meir informasjon eller bistand.

 

Viktige dokument i samband med deponering til IKAH: