Avlevering av eldre arkiv

Eldre arkiv kan definerast som det vanlege administrative arkivet i kommunen.

Avleveringsplikt: Arkiv som ikkje lenger er i bruk for administrative føremål, og arkiv etter organ som er lagt ned eller har avslutta verksemda si, skal avleverast til arkivdepot. Kostnadane med avlevering skal dekkjast av det organet som avleverer arkivet. Avleveringsplikta gjeld uavhengig av lovpålagde føresegner om teieplikt.

Avleveringstidspunkt: Arkivmateriale skal normalt avleverast til depot når det er om lag 25- 30 år gammalt, men det kan søkjast om å få avlevere både før og etter denne fristen. Dersom eit organ blir nedlagt i ei omorganisering, men funksjonen lever vidare i eit anna organ skal arkivet overførast dit.

Deponering av arkiv etter overformynderiet: I 2016 vil IKAH prioritere å ta i mot arkiv etter overformynderiet. Under finn du link til ein rettleiar for korleis ein skal førebu desse arkiva før deponering hjå IKAH.  

 

Viktige dokument i samband med avlevering til IKAH: