Lover og forskrifter

Arkivlova

Føremålet med lova er å  sikre at arkiv med kulturell eller forskningsmessig verde og arkiv som inneheld rettsleg eller viktig forvaltningsmessig dokumentasjon, vert tekne vare på og gjort tilgjengeleg for ettertida. Arkivforskrifta spring ut frå og utdjupar arkivlova. Forskrifta er eit omfattande dokument som regulerer dei fleste sider ved arkivfunksjonen i offentleg forvaltning.

Merk: Kommunane kan søke dispensasjon fra Riksarkivaren si forskrift, kapittel IV: Retningslinjer for arkivbegrensning og kassasjon i fylkeskommunale og kommunale arkiv skapt etter 1950. For arkivmateriale som er skapt før 1.2.2014 kan ein søke om å få nytte forskriften som gjaldt for arkivbegrensing og kassasjon før dei nye føresegna vart iverksatt. Kommunane har moglegheit til å søke om ein slik dispensasjon fram til 31.12.2018.

Lenker til Lovdata:

Forvatningslova

Føremålet med lova er å regulere sakshandsaminga i offentlege organ, mellom anna reglar i samband med ugildhet, klager, innsyn, taushetsplikt med meir. Forskrifta utfyller, presiserer og gjer unntak frå Forvaltningslova.

Lenker til Lovdata:

 Offentleglova

Føremålet med lova er å leggje til rette for at offentleg verksemd er open og gjennomsiktig, for slik å styrkje informasjons- og ytringsfridommen, den demokratiske deltakinga, rettstryggleiken for den enkelte, tilliten til det offentlege og kontrollen frå ålmenta. Lova skal òg leggje til rette for vidarebruk av offentleg informasjon. Forskrifta til Offentleglova gjer unntak frå lova og regulerer innsyn i verksemdene.

Link til Lovdata:

Personopplysningslova

Føremålet med loven er å verne den enkelte mot at personvernet vert støtt gjennom handsaming av personopplysninger. Lova skal medverke til at personopplysningar vert handsama i samsvar med grunnlegjande omsyn til personvernet, som personleg integritet, privatlivets fred og tilstrekkeleg kvalitet på personopplysningar. Forskrifta til personopplysningslova regulerer handsaminga og krav til oppbevaring av personopplysningar.

Link til Lovdata:

Andre lover og forskrifter

Det finst fleire lover og forskrifter som er nyttige å ha kjennskap til når ein jobbar med arkiv. For ei oversikt over desse gå inn på kommunen sin arkivplan.