Arkivfagleg rettleiing

IKAH tilbyr arkivfaglege rettleiing, blant anna i samband med arkivrutinar, planlegging av arkivfunksjonane, ordning av arkiv, periodisering og bortsetjing. Ta kontakt med IKAH for meir informasjon: post@ikah.no

  • Arkivrutinar: Vi gjennomgår kommunen sine arkivrutinar saman med arkivpersonale og kommer med forslag til forbetringar i tråd med arkivforskrifta og NOARK -standarden. Våre erfaringar gjev òg grunnlag for effektiv dokumentasjon av arkivrutinane.
  • Planlegging av arkivfunksjonen: Vi har erfaring frå fleire flytte- og omorganiseringsprosjekt, oppgraderinger og innføring av nye sak-/arkivsystem og overgang til elektronisk arkiv.
  • Ordning, periodisering og bortsetjing: Vi tek på oss ordning av eldre arkiv og utarbeiding av arkivkatalogar for arkivmateriale fram til 1992. Vi gjev og råd og rettleiing ved ordningsarbeid, periodisering og bortsetjing av arkiv frå andre tidsperiodar.