Elektroniske arkiv

Elektronisk arkivmateriale er digital informasjon og datasett frå ulike typar datasystem brukt i sakshandsaming i offentleg verksemd. Slike datasystem vil vere generelle sak-arkivsystem eller fagsystem for spesielle fagområde. I tillegg til sakshandsaming og dokumentstyring, vert desse også nytta til journalføring av post. Andre system som er aktuelle er generelle databasar og register. Informasjon frå slike system er arkivverdig og skal takast vare på ifølge arkivlova med forskrifter.

IKAH er depot for langtidslagring av digital arkivinformasjon frå kommunar i Hordaland. Tenesta inneber at informasjon frå datasystem som ikkje lenger er i dagleg bruk vert bevart, forvalta og gjort tilgjengeleg hjå oss.

Vi utfører følgjande tenester:

  • Rådgjevning ved innføring av nye system
  • Bistand i samband med produksjon av uttrekk
  • Drift av depot for elektronisk arkiv
  • Innsyn i innlevert materiale

Ta kontakt med oss for meir informasjon, eller for å gjere avtale om aktuelle system.