Personregister

Offentleg forvaltning oppbevarer og handsamar store mengder systematisk lagra opplysningar og vurderingar knytt til enkeltpersonar. Dokumenta om personane er lagra i mappe på kvar enkelt og dette kallar vi personregister. Personregistra  skal overførast til depot og oppbevarast for ettertida.

IKAH har ein praksis med å ta i mot personregistermateriale frå kommunane i Hordaland til depot når materialet var blitt 10 år gamalt. Denne praksisen tek utgangspunkt i lovverk og føresegn i konsesjonar for personregister.

I lista under finn ein personregistermateriale som kan avleverast til depotet etter 10 år:

  • Mapper på barnehagebarn etter Opplæringslova
  • Elevmapper frå skule etter Opplæringslova
  • Klientmapper frå PPT
  • Barnevernsmapper etter Barnevernlova
  • Klientmapper etter Sosialtenestelova
  • Klientmapper frå flyktningekontor
  • Pleie- og omsorgsarkiv (brukarmapper) etter Sosialtenestelova og Pasient- og brukarrettighetslova
  • Pasientjournalar og helsekort frå Kommunehelsetenesta

 

For meir informasjon sjå: