Depottenester

IKAH har depotteneste for både eldre arkiv (på papir), personregister og elektronisk arkiv. Kommunar som ønskjer arkivdepot hjå IKAH kan inngå separate avtalar om det. Tenesta inneber at vi tek på oss oppbevaring og betening frå arkiva og dermed avlastar kommunane frå føresegna slik dei ligg føre i arkivlova og arkivforskrifta § 5.1.
 
Eldre og avlsutta arkiv

Overføring av depotoppgåvene inneber at IKAH tek over det daglege ansvar for handtering, oppbevaring og formidling av arkivmaterialet. IKAH tek slik på seg ansvar for å følgje opp gjeldande regelverk på dette området. Sjølv om kommunen inngår ei avtale om deponering er han framleis eigar av arkiva.

Føreskrift om offentlege arkiv pålegg kommunane å avlevere eldre og avslutta arkiv til arkivdepot, anten til kommunen sitt eige depot eller til eit interkommunalt depot.

I depot hjå IKAH vil det avleverte arkivmaterialet bli oppbevart og sikra i arkivlokale som tilfredsstiller krava i Arkivforskrifta. IKAH fører eit register over arkivbestand og tilvekst. Før avlevering til depot vil IKAH gje rettleiing i korleis arkivmaterialet skal handsamast før avlevering. Handsaminga skal vere i samsvar med avleveringsreglane som byggjer på føresegnene i Arkivforskrifta § 5-4 og Riksarkivaren sin «Normalinstruks for arkivdepot i kommunar og fylkeskommunar».

Avleveringa skal godkjennast av IKAH og kommunen vil få ei kvittering for avlevert materiale. Kommunen kan om det er naudsynt låne tilbake arkivmateriale i samsvar med reglane for tilbakelån. IKAH gjer publikum tilgang til arkivmateriale som er avlevert i tråd med gjeldande regelverk om offentlegheit, innsynsrett og personvern. IKAH vil publisere arkivlister for kommunane sine arkiver på IKAH si heimeside.
 
Aktuelle lenker: