Arkivplan

IKAH tilbyr eigarkommunane sine:

  • Kurs i arkivplan
  • Rettleiing i samband med utarbeiding av kommunen sin arkivplan

Kvifor arkivplanlegging?

Alle offentlege organ er pålagt å ha arkivplan i følgje Arkivforskrifta § 2-2: “Eit offentleg organ skal til ei kvar tid ha ein ajourført samleplan, ein arkivplan, som viser kva arkivet omfattar og korleis det er organisert. Arkivplanen skal også vise kva slags instrukser, reglar, planar m.v. som gjeld for arkivarbeidet”.

Innhaldet i ein arkivplan er sentrert rundt arkivtenesta sitt behov og føremål. Ein arkivplan har og nytteverdi for andre deler av verksemda. Den inneheld ein oversikt over innhaldet i arkivet, samt dei reglar, rutinar og instruksar som gjeld for arkivdanninga. Arkivplanen kan gjere det enklare å halde ei samla oversikt over informasjonsflyten i kommunen.

Arkivplan.no:

Arkivplan.no er eit web-basert verktøy for arkivplan. Det er utvikla med tanke på å lette arkivplanarbeidet. Overgangen til elektronisk sakshandsaming aukar behovet for å ha ein arkivplan, som både er oppdatert og lett å bruke. Mengda av arkivmateriale har auka kraftig dei siste åra og ein tek i bruk stadig fleire elektroniske arkivsystem for å registrere og halde orden på relevant dokumentasjon.

Arkivplan.no er utvikla av kommunearkivinstitusjonane i Noreg i samarbeid med firmaet Nexus Group AS. Tenesta vert levert og driftast av Nexus Group AS. Utviklinga av Arkivplan.no har vore støtta av ABM-Utvikling.

Følgjande institusjonar er medeigarar i arkivplan.no for kommunal sektor: Arkiv i Nordland, Aust-Agder Arkivet, Aust-Agder Kulturhistoriske senter, Bergen Byarkiv, Fylkearkivet i Hordaland, Fylkesarkivet i Akershus, Fylkesarkivet i Oppland, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, IKA Finnmark, IKA Hordaland, IKA Kongsberg, IKA Møre og Romsdal, IKA Rogaland, IKA Troms, IKA Trøndelag, IKA Vest-Agder, IKA Østfold, Oslo Byarkiv, Tromsø Byarkiv og Trondheim Byarkiv

Til no har over 200 kommunar i landet nytta seg av Arkivplan.no. For å sjå nærmare på dei publiserte arkivplanane trykk her.