Om oss

Velkommen til Interkommunalt arkiv i Hordaland (IKAH) si nettside!
Visjonen vår er å vere ein døropnar til historia og vi håper at både eigarkommunane og publikum finn den informasjonen dei treng på sida.

IKAH er ei verksemd organisert med heimel i lov om interkommunale selskap. Samarbeidet vart skipa i 1987 og hadde i byrjinga 19 eigarkommunar. I 1994 auka talet på eigarar til 32 kommunar, men det var fyrst i år 2000 at samarbeidet vart gjort om til eit interkommunalt selskap. Eigarkommunane betaler årleg inn tilskot til drifta basert på folketall. Selskapet sitt øvste organ er representantskapet der alle eigarkommunane representert. Dei vel eit styret som forvaltar selskapet og er ansvarlege for at dette vert drive i samsvar med selskapet sitt føremål, selskapsavtalen, samt retningsliner vedteke av representantskapet. Dagleg leiar har ansvar for den daglige drifta av selskapet.

IKAH sitt føremål er å arbeide for at verdifullt arkivmateriale i eigarkommunane vert teke vare på og sikra som informasjonskjelder for samtid og ettertid, og gjort tilgjengeleg for offentleg verksemd, forsking og andre administrative og kulturelle formål, jf. Lov om arkiv § 6 (arkivlova).

Aktuelle dokument: